Malakoff er ein musikkfestival som kvart år i veke 29 vert arrangert i vestlandsbygda Nordfjordeid. Malakoff har i over 20 år løfta fram og presentert ein solid miks av internasjonale, nasjonale og lokale artistar. Sjangermessig overvekt av rock i ulike former, men alltid i kombinasjon med andre aktuelle sjangar innan populærmusikken.