Vi er brødrene Eikemo
Marit Eikemo sin bestseljar blir teater!
Ei vestnorsk historie om familie, arbeid og samhald
Det er lys i vindauget i Berjaflotvegen 9 i Odda, huset der dei fem brødrene Eikemo vaks opp.
Marit Eikemo kjem heim for å rydde. Huset skal seljast.
Men korleis ryddar ein i eit heilt liv?
Og kva gjer ein med alle historiene, alle tinga, alle minna? Kven bestemmer kva som er verdt å ta vare på?
Energisk familiekrønike
Vi er brødrene Eikemo er ei energisk framsyning om fem brør, ein familie, arbeid, oppvekst og eit land i endring. Med dei fem eksentriske brørne som omdreiingspunkt, følgjer vi Odda frå etterkrigstid og industri, via sjølvbyggarånd og oppfinnartrang, til dagens glitrande bygdemytologi - og Lothepus si stavkyrkje.
Her finst historier om bilar bygde utan teikningar, eigenkonstruerte båtar på ti tonn, ei improvisert “køyreopplæring” der læraren klatrar opp på biltaket i fart (!) – og bak alt: Skuggen frå faren deira, som døydde brått og etterlét fem barn mellom fire og fjorten år.
Her møter du ekte vestlandsgalskap og eit hjarte som bankar for familien, for arbeidet og for Odda.
Tre kvinner
Tre kvinnelege skodespelarar speler eit heilt nabolag fullt av karakterar: Brør, koner, ungar, onklar og vennar.
Med varme og humor fortel dei historia om dei som bygde landet – og om oss som arva draumane deira.
Bak latteren og dei gode forteljingane ligg spørsmålet vi alle kjenner:
Kva er verdt å ta vare på – og kva må vi sleppe tak i?
Om romanen
Marit Eikemo sin roman Vi er brødrene Eikemo kom ut i 2024, og fekk terningkast 6 i VG og vart omtalt som
«Ei lita bok, men eit storslått lerret av ei forteljing frå Norges industristadshistorie.»
Urpremiere
No får romanen nytt liv på scenen, dramatisert for teater av teatersjef Thomas Bye, produsert i samarbeid med Teater Vestland.
Ei forteljing om alt det som går tapt, og alt det som held oss saman. Ei framsyning full av latter, liv og kjensler.