Laurdag 30. januar kjem Dag Vagle attende til Bokhandelen, og vi gler oss om mogleg enda meir enn dei førre gongane han har besøkt oss!
Musikkjournalist Egon Holstad har skrive nokre linjer for å beskriva kva du kan venta denne kvelden.
Dag Vagle – verdas beste artist som ikkje er verdskjend
Forutan å vera eit terningkast 6-menneske er Dag ein av dei mest talentfulle og underkjende artistane vi har i dette landet. Sidan 2001 har eg sett han live i ulike konstellasjonar, og det har veksla i spennet mellom knallbra og «heilt ubegripeleg klype seg armen-hysterisk»-dritbra.
Han er nok mest kjend som frontfigur i banda Helldorado og Flying Shoes, men han er òg ein svært ettertrakta studio- og sessionmusiker for ei rekkje andre. Eit drypp av Dag Vagle vil jo heva alle musikalske produkt, så det er jo ikkje akkurat underleg. Likevel er det solo og åleine på ei scene han verkeleg kjem til sin rett.
Bortsett å vera den beste vokalisten her på berget – uansett kjønn og sjanger – har han ei ubeskriveleg og paradoksal form for beskjeden autoritet i formidlingsevna si. Alt som kjem ut, høyrest ut som det er røska ut av ei anna tid, samtidig som det glir saumlaust inn i samtida.
Hans eige låtmateriale er skyhøgt, og han er ein av få i verda som klarer å tolka Roy Orbison, Mickey Newbury, Townes Van Zandt og Tim Buckley på eit så himmelropande høgt og anstendig vis at ein for ei stokkete stund gløymer å tenkja på originalane.