Unnveig Aas er artist, låtskrivar og forfattar, og ho lagar musikk i landskapet mellom country, folk, pop og rock. Med ei nydeleg stemme og eit særeige musikalsk sound har ho utmerkt seg på den norske musikkscena. Om du liker artistar som First Aid Kit, Joni Mitchell, Lucinda Williams og Ane Brun, vil du nok også like Unnveig Aas!
Unnveig har til no gitt ut tre album, og Young Heart (2019) vart nominert til Spellemannprisen i kategorien country. Ho har turnert over heile Noreg, i tillegg til Sverige, Danmark og Tyskland, og er kjent for konsertar som både får publikum til å gråta, le og dansa litt.
Hausten 2025 sleppte ho EP-en Amused By A Muse, som er første del av hennar fjerde studioalbum. Utgivinga fekk gode meldingar og fleire låtar vart lista på NRK P3 Musikk. Resten av albumet, Amused By A Muse / Salt Water Blues, blir sleppt 5. september.
I tillegg til musikken har Aas skrive tre diktsamlingar, som er gjeve ut på Flamme Forlag. Den poetiske teften hennar er synleg også i songtekstane, der sterke historier og hjartesmerte står sentralt. Ein går ikkje urørt frå ein konsert med Unnveig Aas!